I-rundt-med-av-om: Erlend


Fruktbar rus.
november 15, 2007, 8:53 am
Lagra i: Superfjas | Merkelappar: ,

Vel, med den nye lærdommen eg lærde frå førre innlegg vågar eg meg ut på å kaste ut ein ny språkleg brannfakkel:
“Høg på Pæra”.
For kva pære er det ein er høg på? Er det ei gamal ei? Som har gjæra og produsert æthylæder? Ein god gamaldags fuglerus?
Eller vert det referert til hovudet som pæra? I so fall er det jo ein fantastisk unøyaktig metafor, sidan svært få hovudskallar har den minste likskap med pærer. Men ein er jo, for å seie det på norvagisert engelsk, full av seg sjølv, når ein er høg på pæra. Dess meir eg tenkjer på det, dess meir fantastisk framand framstår uttrykket!
Håpar på konstruktive og oppklårande tilbakemeldingar.

Dette vert forøvrig det einaste innleggjet mitt denne veka, grunna eg har verken tid, energi eller kreativitet til å kome opp med nye ting, grunna føreståande eksamenar tappar meg for slikt. Det er i grunn ganske utruleg at eg i det heile skriv det her. Grunnt liksom. Nesten grunnlaust.



Dei norrøne/norske motpolane.
november 10, 2007, 11:30 pm
Lagra i: Superfjas

I dag satte eg meg til å stusse over “ny og ne”. Noko kan føregå i “ny og ne”, skjønt det ikkje verkar som om nokon veit kor dette mystiske ordspråket sprang ut ifrå. Kan eg rett og slett dra so lange interkulturelle parallellar og samanlikne “ny og ne” med “yin og yang”?