I-rundt-med-av-om: Erlend


Elskov.
mars 4, 2008, 11:17 am
Lagra i: Fjas | Merkelappar: ,

Ja, kjære lesar, du las rett. Tittelen eg vel å bruke i dag er ein meir frimodig enn kva eg elles brukar. Det er fordi eg medan eg skumma gjennom ein nasjonalrapport om kongekrabben eg fann eit bilete som illustrerar kor stygg kongekrabben er. Berre sjå kor stygg den er. Og slikt kallar dei elskov.Elskov.



Manndom.
januar 29, 2008, 11:24 am
Lagra i: Fjas | Merkelappar: , ,

Manndom vert definert ved korleis ein ter seg ved sjukdom. Då eg ikkje visar nokon som helst respekt for styggedomen kjenne eg meg særs maskulin.

Medisin er for skrelingar.

Det er også særs mannleg å få lesarinnleggja sine på trykk i Nationen.



Bilete.
november 23, 2007, 2:49 pm
Lagra i: Fjas | Merkelappar: , ,


Draumen.
november 8, 2007, 1:15 pm
Lagra i: Fjas

Natt til i går draumde eg at eg var i teselskap med leiarane for to av listene ved studentrådsvalget. Dei sat der og naut teen sin, medan eg stod i ein slik stram, litt emo, mannedrakt som dei hadde på den tida. Dei hadde snakka saman, og kome fram til at eg måtte representere dei. Ein ganske sær draum. Seinare same dagen fekk eg vete at om eg skulle inn i AU ville eg representere begge deira lister, og dei ville difor støtte meg.
So eg har med andre ord hatt hellet med meg og vore sanndraumd. Eg har no ambisjonar om å trene meg opp i det sanndrauming, og tene enorme pengar på hestespel.

Eit anna paradoks er at dei to jentene som fekk ei offerrolle i draumen og drakk te, i røynda er blodfeministar og ville truleg ha ete meg til middag om dei hadde visst kva eg drøymde. Heldigvis gjer dei ikkje det.