I-rundt-med-av-om: Erlend


Elskov.
mars 4, 2008, 11:17 am
Lagra i: Fjas | Merkelappar: ,

Ja, kjære lesar, du las rett. Tittelen eg vel å bruke i dag er ein meir frimodig enn kva eg elles brukar. Det er fordi eg medan eg skumma gjennom ein nasjonalrapport om kongekrabben eg fann eit bilete som illustrerar kor stygg kongekrabben er. Berre sjå kor stygg den er. Og slikt kallar dei elskov.Elskov.



Himmelen.
mars 3, 2008, 12:57 pm
Lagra i: Seriøs | Merkelappar: , ,

Eg er i himmelen.  No verkar det som om alt brått har funne ut at det skal ta vegen, og halde seg unna grøfta. Det er bra. For berre i dag har fylgjande skjedd:

-eg fått masse flotte essemessar frå verdas desidert beste kjærast.

-eg har fått det bekrefta at Sogn og Fjordane Senterungdom ikkje har 100 medlemmer.  Det har 101.

-eg har oppdaga at eg har tilgong til eit heilt enormt nettverk med vitskapelege artiklar om fornybar energi og miljø.

So om de ikkje ser meg før sumaren legg eg all skulda på sistnevnte.