Ah. Gambling. det er nesten ingenting som slår det kicket som slår inn når ein utfordrar skjebnen til ein vals som kan ende i helvete… Og medan ein står der og dansar, med svovellukta rivande i nasa, då kjenner ein seg mest levande. Akkurat no so har eg det slik. Eg har utsett innleveringa av nokre forsøk fram til no, 3 timar før dei skal innleverast. Det kreve ein nær overmenneskeleg innsats av meg for å få dei inn i tide, eg risikerar 1,5 års skulegong, eit halvt år av livet mitt kan no vere totalt frukteslaust, og kva gjer eg? Eg skriv blogg! Hahaha!
Det å vakne med panikkangst er jo ikkje fullt so kult, men der tykkjer eg kaffien må ta mykje av skulda.
Ein annan grunn til at eg vert so lyrisk til sinns er at Serj Tankian har gitt ut ei ny plate, og den er rett og slett fantastisk. Det han har gjort med Soad bleiknar på ein måte mot det nye materialet… Det er rett og slett fantastisk. Punktum. Sjekk ut herligheta sjølv på myspace!
http://profile.myspace.com/index.cfm?fuseaction=user.viewprofile&friendid=86508327
Éin kommentar så langt
Kommenter innlegget
<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>
Hugsar du ikkje kva du lovte meg å blogga om? Det var dette her fantastiske med bygdejenter og byjenter. Som eg ikkje hugsar så masse av. Hm. Dessutan har eg berre lyst til at du skal blogga. Fordi derfor. Jepp.
Bloggen din er forresten svært kulturimperialistisk. XD
Comment av Kristine desember 17, 2007 @ 8:14 pm