Lagra i: Seriøs, Uncategorized | Merkelappar: filologi, studier, verdaskulastefyr
Overskrifta lanserar her eit utruleg omfangsrikt og spanande spørsmål, som truleg kunne blitt summert opp i eit einaste ord, men det gjer eg ikkje. Difor får du her ei lengre utgreiing på spørsmålet “Er Erlend ein student?”:
Til både kvardags og fest kler eg, førar eg meg, og talar eg som ein student, men resultata uteblir. Desse resultata som visstnok skal vere essensielle for økonomisk støtte til vidare studieliv(Eg har enda tilgode å oppleve det, for alle gjeldsbrev eg har fått so langt har eg arkivert i vedomnen heime).
Og det det gong på gong desverre viser seg er at for å vere ekte student skal ein studere. Sjølv om eg alltid har sett på meg sjølv som ein språkkunnig ung mann har eg nok her utførd ein særs stygg skivebom. For no når eg har undersøkt nærare har betydninga for skumlesing sneke seg inn under studere. Eg burde nok sett varselslampa ljose då eg såg det som ein god idè å utsetje eksamenslesinga til dei siste 48 timane før eksamen, men det gjorde eg dog ikkje. Det heile resulterte i bokstaven og karakteren f for feil, eller failure(alt etter kva språk ein hugar mest om). Eller stryk om du er komplett idiot.
Av dette har eg lært at det ikkje er mogleg å oppnå ein intuitiv forståelse av kvantemekanikk gjennom å skumlese pensum dagen før. Eg har og lært betydninga av kva det vil seie å skumlese. Det at eg i det heile trudde det var mogleg å bløffe seg til ein ståkarakter på det her emnet viser at eg er ein enda større kødd(les. tullebukk) enn nokonsinne tidlegare. Difor har eg dei to påfølgjande dagane gått rundt med eit stort og lurt smil.
So om du har sett noko som fell inn under den beskrivelsen har du ikkje berre sett meg, nei, då har du også sett ein tullebukk.
Éin kommentar så langt
Kommenter innlegget
<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>
Det viser seg at sjølv om ein har lese pensum (og då meinar eg ikkje skumlese) så kan ein gå på ein smell på eksamen. Det kjem an på så mangt. Mellom anna på kor infam eksamenslagaren føler seg den dagen. Skyld på han. Det gjer eg.
Comment av Andrea november 26, 2007 @ 12:02 am