I-rundt-med-av-om: Erlend


Gambling.
november 26, 2007, 7:52 am
Lagra i: Seriøs | Merkelappar: , ,

Ah. Gambling. det er nesten ingenting som slår det kicket som slår inn når ein utfordrar skjebnen til ein vals som kan ende i helvete… Og medan ein står der og dansar, med svovellukta rivande i nasa, då kjenner ein seg mest levande. Akkurat no so har eg det slik. Eg har utsett innleveringa av nokre forsøk fram til no, 3 timar før dei skal innleverast. Det kreve ein nær overmenneskeleg innsats av meg for å få dei inn i tide, eg risikerar 1,5 års skulegong, eit halvt år av livet mitt kan no vere totalt frukteslaust, og kva gjer eg? Eg skriv blogg! Hahaha!

Det å vakne med panikkangst er jo ikkje fullt so kult, men der tykkjer eg kaffien må ta mykje av skulda.
Ein annan grunn til at eg vert so lyrisk til sinns er at Serj Tankian har gitt ut ei ny plate, og den er rett og slett fantastisk. Det han har gjort med Soad bleiknar på ein måte mot det nye materialet… Det er rett og slett fantastisk. Punktum. Sjekk ut herligheta sjølv på myspace!

http://profile.myspace.com/index.cfm?fuseaction=user.viewprofile&friendid=86508327



Bilete.
november 23, 2007, 2:49 pm
Lagra i: Fjas | Merkelappar: , ,


Eg, ein student?
november 23, 2007, 12:33 pm
Lagra i: Seriøs, Uncategorized | Merkelappar: , ,

Overskrifta lanserar her eit utruleg omfangsrikt og spanande spørsmål, som truleg kunne blitt summert opp i eit einaste ord, men det gjer eg ikkje. Difor får du her ei lengre utgreiing på spørsmålet “Er Erlend ein student?”:
Til både kvardags og fest kler eg, førar eg meg, og talar eg som ein student, men resultata uteblir. Desse resultata som visstnok skal vere essensielle for økonomisk støtte til vidare studieliv(Eg har enda tilgode å oppleve det, for alle gjeldsbrev eg har fått so langt har eg arkivert i vedomnen heime).

Og det det gong på gong desverre viser seg er at for å vere ekte student skal ein studere. Sjølv om eg alltid har sett på meg sjølv som ein språkkunnig ung mann har eg nok her utførd ein særs stygg skivebom. For no når eg har undersøkt nærare har betydninga for skumlesing sneke seg inn under studere. Eg burde nok sett varselslampa ljose då eg såg det som ein god idè å utsetje eksamenslesinga til dei siste 48 timane før eksamen, men det gjorde eg dog ikkje. Det heile resulterte i bokstaven og karakteren f for feil, eller failure(alt etter kva språk ein hugar mest om). Eller stryk om du er komplett idiot.

Av dette har eg lært at det ikkje er mogleg å oppnå ein intuitiv forståelse av kvantemekanikk gjennom å skumlese pensum dagen før. Eg har og lært betydninga av kva det vil seie å skumlese. Det at eg i det heile trudde det var mogleg å bløffe seg til ein ståkarakter på det her emnet viser at eg er ein enda større kødd(les. tullebukk) enn nokonsinne tidlegare. Difor har eg dei to påfølgjande dagane gått rundt med eit stort og lurt smil.

So om du har sett noko som fell inn under den beskrivelsen har du ikkje berre sett meg, nei, då har du også sett ein tullebukk.



Fruktbar rus.
november 15, 2007, 8:53 am
Lagra i: Superfjas | Merkelappar: ,

Vel, med den nye lærdommen eg lærde frå førre innlegg vågar eg meg ut på å kaste ut ein ny språkleg brannfakkel:
“Høg på Pæra”.
For kva pære er det ein er høg på? Er det ei gamal ei? Som har gjæra og produsert æthylæder? Ein god gamaldags fuglerus?
Eller vert det referert til hovudet som pæra? I so fall er det jo ein fantastisk unøyaktig metafor, sidan svært få hovudskallar har den minste likskap med pærer. Men ein er jo, for å seie det på norvagisert engelsk, full av seg sjølv, når ein er høg på pæra. Dess meir eg tenkjer på det, dess meir fantastisk framand framstår uttrykket!
Håpar på konstruktive og oppklårande tilbakemeldingar.

Dette vert forøvrig det einaste innleggjet mitt denne veka, grunna eg har verken tid, energi eller kreativitet til å kome opp med nye ting, grunna føreståande eksamenar tappar meg for slikt. Det er i grunn ganske utruleg at eg i det heile skriv det her. Grunnt liksom. Nesten grunnlaust.



Dei norrøne/norske motpolane.
november 10, 2007, 11:30 pm
Lagra i: Superfjas

I dag satte eg meg til å stusse over “ny og ne”. Noko kan føregå i “ny og ne”, skjønt det ikkje verkar som om nokon veit kor dette mystiske ordspråket sprang ut ifrå. Kan eg rett og slett dra so lange interkulturelle parallellar og samanlikne “ny og ne” med “yin og yang”?



Den andre dagen. På den tredje dagen.
november 10, 2007, 11:26 pm
Lagra i: Seriøs

Her kan det lett vere mogleg å tru at eg skal byrje å bruke den her bloggen som eit dagboknotat. Det er på ingen måte mi hensikt. Det eg kom på ikring den her dagen var at det var dagen då eg skulle gjere masse men endte opp med å gjere ingenting. Det er mange dagar som vert sånn, og det er like trasig kvar gong. Skjønt, ei lita sigersliste er dog på sin rette plass:
Eg har trena, byrja å kjøpe julegåver, betalt alle rekningane mine, vore på fest(edru), vatna blomen på lesesalen, utførd eit forsøk eg faktisk forstod og rydda kjøkkenet.

MERK: Det her var ikkje eit dagboknotat. Det var noko heilt anna.



Draumen.
november 8, 2007, 1:15 pm
Lagra i: Fjas

Natt til i går draumde eg at eg var i teselskap med leiarane for to av listene ved studentrådsvalget. Dei sat der og naut teen sin, medan eg stod i ein slik stram, litt emo, mannedrakt som dei hadde på den tida. Dei hadde snakka saman, og kome fram til at eg måtte representere dei. Ein ganske sær draum. Seinare same dagen fekk eg vete at om eg skulle inn i AU ville eg representere begge deira lister, og dei ville difor støtte meg.
So eg har med andre ord hatt hellet med meg og vore sanndraumd. Eg har no ambisjonar om å trene meg opp i det sanndrauming, og tene enorme pengar på hestespel.

Eit anna paradoks er at dei to jentene som fekk ei offerrolle i draumen og drakk te, i røynda er blodfeministar og ville truleg ha ete meg til middag om dei hadde visst kva eg drøymde. Heldigvis gjer dei ikkje det.



Den første dagen.
november 8, 2007, 1:06 pm
Lagra i: Seriøs

På den første dagen skapte visstnok gud både jorda og ljoset. Eg skal nøye meg med ein blogg. Mitt namn er Erlend Sleire, og det her er, ikkje overraskande, min blogg. Her vil eg leggje inn betraktningar, tankar, meiningar og observasjonar, og eg håpar det vil tene meg sjølv som eit bilete av tida mi, samstundes som andre også kan ha nytte av det heile. Men det kjem sjølvsagt i andre rekkje.